I mellomalderen var Grip eige av biskopen i Nidaros. På 1700-talet var det kjøpmannsstanden i Kristiansund som rådde grunnen. Kulturmiljøet på Grip har for ettertida ein høg maritim referanseverdi.
I regional delplan for kulturminne er øya Grip framheva når det gjeld bygningsvern. Grip stavkyrkje er frå seinmiddelalder og er automatisk freda som nasjonalt viktig kulturminne. Stavkyrkja som er ei av tre stavkyrkjer i Møre og Romsdal vart reist i ein periode i mellomalderen med låg aktivitet knytt til bygging av nye kyrkjebygg. Grip har lange tradisjonar som fiskevær. Kulturmiljøet som omhandlar fiskerihistoria til øysamfunnet er vektlagt til å ha ein nasjonal verneverdi. Vernekriteria er basert på eit maritimt kulturmiljø. Staden er eit godt bevart fiskevær med eit tettbygd trehusmiljø.
Fiskeværet må sjåast i samanheng med at ein innanfor dei førmoderne fiskeria med åremakt og råsegl var avhengig av å ha kortast mogleg veg ti dei rikhaldige fiskefelta. Difor vart Grip i mellomalderen etablert som fiskevær. Utkomme av fiskeria og ei rekkje funksjonar knytt opp mot fiskeria var i historisk tid det sentrale innan livberging og inntekt hjå kystbefolkninga. Det vart mellom anna tørka klippfisk på bergarealet på øyane, og tilreisande sesongfiskarar vart innlosjert under skreifiskinga på seinvinter og vårparten.
I tillegg kan det nemnast at Grip har bevart stavkyrkje, losstasjon og fyrmiljø som inngår som viktige objekt i eit sjeldan verdfullt kulturmiljø knytt til historisk busetting, fiskeri og samferdsle under marginale tilhøve. I regional delplan for kulturminne vert og loshytte på øya og Grip fyr trekt fram som verneobjekt. Loshytta som er ein del av det historiske fyrmiljøet representerer eit samferdselsminne som er regulert til bevaring av regional verdi. Fyret er eit kystfyr frå siste del av 1800-talet. Det er vedtaksfreda av nasjonal verneverdi, og er eit av dei mest kjende fyra på Norskekysten. Øysamfunnet var eigen kommune fram til 1964. Fram til innlemminga i Kristiansund kommune var øygruppa landets minste kommune. Bebygginga på øygruppa er samla på Gripholmen. Grip vart fråflytta først på 1970-talet og i dag er tettstaden i havet viktig for fritidsbusetting og turisme.