Veiholmen er ein del av øygruppa Smøla i Smøla kommune. I regional delplan for kulturminne er Veiholmen framheva som eit kulturmiljø som utmerkar seg med eit tettbygd fiskevær beståande av trehus. Historisk sett har Veiholmen vore kjent som eit av dei større fiskeværa i ein nasjonal samanheng sør for Lofoten. Det er framleis fiske og akvakultur som er næringsbjelken på Veiholmen. Sjøhusmiljøet kalla «Været» er tettbygd og intim. Tranbrenneriet frå 1880- talet er i dag eit kulturelt fleirbrukshus med museal funksjon, kulturutøving og næringsliv.
Haugjegla fyr er eit vedtaksfreda fyr og fyrmiljø som ligg i seglingsleia nært Veiholmen. Det er eit ledfyr som er frå tidleg 1900-tal. Som kystmiljø er staden med fyr og losstasjon vurdert til å ha ein nasjonal verdi. Fyranlegget står fram som særmerkt, med bustadrom i sjølve fyrtårnet. Væreigarens tidlegare «herskapshus» heiter Sanden og var øya sitt hovudhus frå 1700-talet . Sanden er i dag ein del av regionmuseet Nordmøre museum. Sanden var ein handelsstad og ein embetsmannsgard. Den er regulert til bevaring med ein regional verneverdi. Historia knytt til væreigaren og Sanden omhandlar sjødrift, fiske og handel av ein mangfaldig karakter. I mellomkrigstida vart Statens Hamnevesen ein heilt sentral aktør for å sikre betre hamn på Veiholmen. Olsennaustet er eit tidlegare stornaust omgjort til selskapslokale. Treverket i naustet er delvis restaurert og delvis stammar treverk frå eldre bygnad i Verdal i Trøndelag. Ein embetseksamen i arkitekturhistorie frå tidleg på 1970-talet som omhandlar fiskenæring og trehusbebygginga på Veiholmen forteljar mykje om historisk byggeskikk og bruksområde av bygningane på Veiholmen.