På Sandshamn i Sande er det ein variert kulturhistorisk kontekst å ta omsyn til. Den regionale delplan for kulturminne i Møre og Romsdal trekk fram at ein har bevart kystkultur gjennom fiskevær- sjøbruksanlegg som er regulert til bevaring. Ein har og dokumentert eldre tettstadsutvikling over tid på Sandshamn. Nært det nedlagde steinbrotet på Sandshamn er det gjort arkeologiske funn datert til bronsealder- jarnalder i form av ein rest av ei gravrøys. Som tilfelle er mange stader i kystområda i Møre og Romsdal har det mest sannsynleg vore eit større gravrøysfelt på staden som grunna ulike bruksendringar ikkje eksisterer meir i dag. Det er og gjort fleire funn av økser frå steinalderen i Sande. I hovudsak er dette Sandshamn – type, som er funne i myr og på ei hylle på ein berghamar. Her er vernestatus uavklart.
Som kyrkjestad har ein dokumentasjon på at Sande har hatt kyrkjefunksjon sidan tidleg mellomalder. Tidlegare var det stavkyrkje med to tårn som vart riven. Dagens kyrkje er frå året 1880 med i all hovudsak tømmer frå kyrkja som vart stormskada og difor riven i 1874. Altertavla frå 1400-talet og ein messehakel frå same tidsperiode vert sett på som særleg verdfull av kyrkja sitt inventar.
Av andre sentrale delar av det eksisterande kulturmiljøet på Sandshamn kan her trekkast fram Fiskarheimen som hadde ein miljøskapande og samlande funksjon som forsamlingshus for fiskarar tilknytt Sandshamn og Sande. Opphaveleg stod denne fiskarheimen på ein annan stad. Som vanleg var i tidlegare tidsrom vart tømmerhus ofte flytta på. Fiskarheimen hadde ført si bygningshistorie på Folkestad i Volda, og vart seinare sett opp att på Flåvær i Herøy , men etter initiativ frå soknepresten i Sande stod fiskarheimen som forsamlingslokale til oppbyggeleg arbeid klar til bruk i Sandshamn frå 1910. Dette var det første forsamlingshuset i Sande kommune, og er det einaste i sitt slag i Møre og Romsdal som er bevart. Fiskarheimen er listeført som regionalt verneverdig. Forsamlingshuset vert framleis brukt som møtelokale.