Regional delplan for kulturminne vektlegg at Hellesylt som kulturmiljø omfattar at staden er ein handelsplass med preg av å vere ein eldre tettstad med trehusmiljø. Denne tettstadstrukturen gjekk frå sjøfronten og vestover i skråninga i retning kyrkja. Historiske foto viser at tettstaden Hellesylt alltid har nytta delar av elvedeltaet som byggegrunn for vidare tettstadvekst. Såleis er dei stadig større utfyllingane langs den opphavlege sjøfronten i søraustleg retning eit framhald av ein praksis som tettstaden har hatt frå starten av. Foto frå 1960-talet viser at utfyllinga på elvedeltaet skyt fart. Store flater vert etablerte i søraust for den opphavlegetettstaden som låg på den mest stabile delen av deltaet i nordvest inntil foten av Hellesyltfossen. Landvinninga etter 1960 går gradvis i retning av deltaet til Bygdeelva. Veglina Bygda er å rekne som eit spor etter den opphavlege sjøfronten Hellesylt hadde.
På Hellesylt i Stranda kommune er det registrert ei lang rekkje kulturminne som enkeltminne. Ein kan her nemne: dyrkingsspor – dyrkingsflate frå før romersk jarnalder som kan ha omhandla beitebruk. Moglegvis er dyrkingsflata nord for Bygdaelva i si tid svidd og rydda for å fremje ei ekstensiv dyrking i form av låg manuell arbeidsinnsats med tilsvarande låg avkastning av grøde frå jordarealet. Noko som var rett vanleg i tidleg jordbruksdrift utan mekanisk og teknisk basert arbeidsreiskap.
Ein del av den Throndjemske postvegen i hamneområdet på Hellesylt finn ein att i form av ein landingsvor i stein. Av verneverdige bygningar kan nemnast det vedtaksfreda sjøbadet frå sein mellomkrigstid. Nemnast bør og den eldre fastskulebygninga. Den vedtaksfreda Sunnylven kyrkjestad og Sunnylven kyrkje med tilhøyrande prestegard ligg fint til i tettstaden. Ein finn og eit bygdetun som er eit gardstun med mellom anna ein bygnad med intakt røykstove og bakaromn. Grand Hotel på Hellesylt har lange tradisjonar som overnattings og serveringsstad, og kan sjåast i samanheng med tidleg fjordturisme i regionen. Dette er eit av få bevarte trehotell i Møre og Romsdal fylke. Grand hotell vart bygd i tidsrommet 1903-1908. To tidlegare hotellbygningar vart nytta til oppbygginga.