• Øvre Sunndal

    datafangstdato
    • 2024-01-11T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-11T12:21:05Z
    id
    • 3281
    informasjon
    • Øvre Sunndal er eit landskap med høge fjell og bratte lier. Her er vide vidder og djupe juv, grusterrassar og breie dalar. Fire fossar stuper ned i Jenstadjuvet og renn saman i Åmotan. Kring Hælfjellet møtest fleire elvedalar. I dei artsrike dalføra ligg gardsbruk, beiteområde og setergrender. Nokre av gardsbruka er blant dei høgstliggande i fylket. Dei første spor etter menneske i Øvre Sunndal finst ved Litlvatnet i torgrøvudalsbotnen. Her, om lag 1100 moh, er det funne restar etter ein buplass frå steinalderen. Buplassen har truleg vore i bruk i sommarhalvåret, i samband med jakt og fangst på reinsdyr. Vest for Hælfjellet, mellom Hafsås og Røymoen, ligg eit anlegg med om lag 20 jordgravne fangstgroper. Anlegget er blant dei største i fylket og sperrar av heile dalføret. Det er også funne fangstanlegg mellom Storvatnet og Fiskbuvatnet i Grødalen og i fjellområda omkring, både i form av bogesteller og dyregraver. Fangstanlegga er vanskelege å datere, men kan ha vore i bruk så tidleg som i steinalderen. Anlegga kan også ha vore nytta i fleire fasar. I fjellområda er det gjort funn av piler og andre gjenstandar både frå bronsealder, jarnalder og mellomalder. Det er likevel lite truleg at det finst nokon samanheng mellom dei førhistoriske fangstanlegga og den eldste gardsdrifta her. Nyare undersøkingar tyder på at bruka ikkje vart rydda før etter reformasjonen. Dermed kan vi rekne med at fangstfolka truleg ikkje har hatt permanent tilhald her. Frå nyare tid veit vi at det var samisk reindrift i fjellstroka kring Sunndalen. Ut frå funn av samiske tufter i nærliggjande område, kan det ha vore samisk nærvær også i Øvre Sunndal. Kulturhistorisk sett er dette eit ungt jordbrukslandskap, i hovudsak rydda etter reformasjonen. Gardstuna, som ligg i eit brattlendt terreng mellom høge fjelltoppar og djupe elvedalar, dannar den høgastliggjande jordbruksbygda i Møre og Romsdal. Fleire gardar, som til dømes Svøu/Svisdal og Jenstad, har hatt samanhengande drift sidan 15/1600-talet. Kan hende også lenger tilbake, utan at vi har sikre kjelder for det. På desse gardane ligg gamle tømmerhus med austlandsk eller trøndersk preg, som viktige kulturminne. Også Grødalen har det vore jordbruk, seterdrift og slåttemark gjennom fleire hundre år. To kjende, faste busetnadar er Gjerdavangen og Tøftvangen.. Lengst sør i Grødalen hadde og bønder frå Sunndalen sine eigne teigar, der dei slo gras. I Grødalen finst det ei rekke spor etter seterbruk. På Vangan, som i dag er eit populært hytteområde, var det fleire gardar som hadde seter. Den siste var i drift til ut på 1970-talet. Den einaste setra i Øvre Sunndal som framleis vert driven, er Gammalsetra i Grøvudalen. Her er det mjølkekyr kvar sommar, og her vert smør kinna og ost ysta på tradisjonelt vis. I Grøvudalen kan det ha vore fastbuande allereie på 1600-talet. Ved inngangen til 1800-talet auka bu­setjinga monaleg. Auken hadde samanheng med gruvedrifta som starta opp på denne tida. På austsida av elva, innafor Kåsen, vart det sett i gong utvinning av kopar. Fleire sjakter vart bora inn i fjellet, og koparen henta ut med handemakt. Eit stykke innafor Røymobekken finst spor etter denne drifta, som berre varte nokre få år. Her ligg restar av steinmurane etter den såkalla «gruvstøgu». Gruvstøgu skal ha vore ei etter måten stor steinbygning, der folk som arbeidde i gruva, budde. Nokre hustufter lenger inne i dalen stammar også frå tida med gruvedrift. I dette området finst der dessutan spor etter kleberbrot og tjøremiler. I fjellet mellom Geitådalen og Grøvudalen vart Glupen Grube sett i drift tidleg på 1820-talet. Glupen Grube dreiv fram kromitt, det viktigaste mineralet for å utvinne krom, frå fleire ulike brot. Vi finn spor etter denne drifta både i Glupen, Koppungen, Skarhøa og ved Raubergselva. I toppåret 1845 var heile 50 mann i arbeid ved dei ulike gruveanlegga. I tillegg gav malmkøyring, matlevering og andre tenester kjærkomne inntekter til bøndene i området. Arbeidet med å få frakta kromitt-malmen fram til utskiping nede ved fjorden, var samstundes svært krevjande, og gjorde at drifta lønte seg dårleg. Glupen Grube vart difor nedlagt kring 1850. På slutten av 1800-talet blomstra Sunndalen som turistattraksjon. Engelskmenn kom til dalen og bygde eigne sommarhus. Den første var jakthytta «Alfheim», som vart sett opp i 1876. Alfheim vart bygd i ein skotsk høglands-stil. Britane kom seinare til å prege fleire bygningar i området, mellom anna vart sportsvillaen Vangshaugen i Grødalen og Villa Nyheim sett opp.
    kommune
    • 1563
    kulturmiljoId
    • K551
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 551
    malemetode
    • 82
    navn
    • Øvre Sunndal
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126