• Kilen

    datafangstdato
    • 2025-10-22T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2025-10-22T10:09:02Z
    id
    • 3446
    informasjon
    • Kilen vart bygd ut i 1960-åra i samband med Røldal-Suldal-utbygginga. Norsk Hydro kjøpte fallrettane i Røldal- og Suldalsvassdraget på 1950-talet med planar om å produsera straum til Hydro aluminiumsverk på Karmøy. Utbygginga gjekk føre seg frå 1963 til 1968. I samband med utbygginga vart det reist eit stort bygningsmiljø på Kilen, teikna av arkitekten Geir Grung, med blant anna eit ikonisk kontrollbygg for kraftverket og bustader til dei tilsette på kraftstasjonen. Grung var ein modernistisk arkitekt som ønskte å utfordra konvensjonar. Funksjonærmessa vart blant dei første bygga som vart klare, og reknast i dag som eit av dei best bevarte offentleg tilgjengelege bygga teikna av Grung. Møblert av Sven Ivar Dysthe, ein av dei mest innverknadsrike norske designarane frå midten av 1900-talet. Dysthes første gjennombrot var med serien 1001 som det i dag står fleire originale stolar av på Energihotellet. Bygningsmiljøet på Kilen er eit framifrå døme på moderne arkitektur i samband med industriutbygginga i Noreg på den andre halvdelen av 1900-talet. Miljøet står i kontrast til resten av Nesflaten, som er ei gammal jordbruksbygd. Det er framleis drift i kraftverket og tilhøyrande kontrollbygg. Messebygget drives som eit hotell som inngår i hotellkjeda «De Historiske». Her har ein utvida bygningsmassen i same stil. Heile anlegget vart på 2000-talet kåra til eit av etterkrigstidas ti viktigaste arkitektoniske anlegg av Morgenbladet, og årleg kjem det mange arkitekturinteresserte for å oppleva bygningsmiljøet.
    kommune
    • 1134
    kulturmiljoId
    • K661
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 661
    malemetode
    • 47
    navn
    • Kilen
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-12-01T10:27:33Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    vernetype
    versjonId
    • 20230126