Dei første kvekarane som kom til Noreg, var norske sjømenn i 1814. Dei hadde blitt omvende til kvekartru av engelske kvekarar då dei var i fangenskap under Napoleonskrigane i Europa (1807-1814). Kvekarbevegelsen var særleg utbreidd i Rogaland, og dei var særskilt mange i området som no utgjer Tysvær kommune.
Kvekerhuset, som ligg sentralt i kulturmiljøet, vart kjøpt i 1867 og brukt som forsamlingsstad med fleire hundre deltakarar samstundes. Det var regelmessige møte i huset fram til 1920-talet. Forsamlingshuset er det einaste eldre intakte forsamlingshuset i Skandinavia. Dei fleste utanlandske kvekarar som besøkte Noreg, besøkte også forsamlingshuset på Stakland og heldt møte her. Det finst ei lang rekke reiseskildringar der Stakland er nemnt. Besøkande pleidde å skrive namn og dato på vegger og vindaugskarmar i loftsetasjen. Desse innskriftene forsvann dessverre ved oppussing omkring 1918, men tidlegare lærar på kvekarskulen i Stavanger, Tønnes Sandstøl, skreiv ned namna, slik at dei er bevarte for ettertida. Også ei rekke norske vener besøkte Stakland. Vi veit at Asbjørn Kloster, kvekar og grunnleggjar av totalavhaldsrørsla i Noreg, talte der i 1863. Det var 135 personar til stades på møtet som Asbjørn Kloster karakteriserte som ei oppløftande hending som aldri vil bli gløymd.
Sør for forsamlingshuset ligg kvekargravplassen, som vart tillaten som gravstad i 1858. Aust for Kvekerhuset ligg garden Stakland, med fire SEFRAK-registrerte bygningar. Tre av dei er i vernekategori A. Bygningane på garden vart oppførte av kvekaren Søren Stakland. Kvekarane vart sterkt motarbeidde av statskyrkja, og utgjorde ein stor del av «sluppefolket» som med hjelp frå tysværbuen Cleng Peerson drog frå Stavanger til New York med «Restauration» i 1825. Dermed starta dei den organiserte norske utvandringa til Amerika.
Forsamlingshuset på Stakland er bevart i sin originale form og på sin opphavlege plass. Det finst ingen tilsvarande hus i Skandinavia, noko som gjer det til eit unikt kulturminne. På gravstaden ligg 29 kvekarar gravlagde, den siste i 1990.