Ved garden Leiranger ligg ei vik med eit smalt innløp, ei godt gøymd naturhamn med strategisk plassering på nordsida av Boknafjorden. Frå kollane på kvar side av innseglinga har ein utsikt til – og kontroll over – store delar av fjorden. Inst i vika ligg dei godt bevarte steinveggane til ei stor nausttuft som må vera frå vikingtida eller kanskje endå eldre. Naustet, blant dei lengste frå jarnalderen og tidleg mellomalder i Sørvest-Noreg, med 34 meter lengde, 9 meter breidde ved inngangen og 10 meter på midten, syner seg i dag som låge steinmurar. 12 gravrøyser og nokre rydningsrøyser innanfor kulturmiljøet er truleg frå perioden mellom romersk jarnalder (0–400 evt.) og vikingtida (800–1050 evt.).
Garden Leiranger, der naustet ligg, har vore senter for Leranger Skibrede i fleire hundre år frå mellomalderen av. Naustet har etter all sannsyn vore ein del av det første organiserte sjøforsvaret i landet vårt, den såkalla Leidangen. Dette systemet kravde at bønder stilte med skip og mannskap for å forsvare landet, noko som gjorde området til eit militært knutepunkt i mellomalderen.
Nausttufta er skilta og tilrettelagt. Rett vest for nausttufta ligg to gravrøyser frå jarnalderen, og det er fleire gravrøyser omkring kulturmiljøet nord for Leirangssøyla. Rett ved naustet vart det i 2012 grave ut restane av eit dekorert sverd frå vikingtida. På sørvestsida av Leirangssøyla ligg Varaleite, eit godt bevart og gamalt gardsbruk beståande av våningshus, driftsbygningar, naust og kulturlandskap. Varaleite har både hovudgard og husmannsplass. Bygningsmiljøet er representativt for norsk landbrukshistorie og viser utviklinga av jordbruk og busetjing gjennom tidene.