• Søre Bømlo - Hespriholmen. Steinalderlandskap

    datafangstdato
    • 2017-01-27T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2017-01-27T17:20:58Z
    id
    • 424
    informasjon
    • Innafor holmane i havgapet ligg lune viker og vågar med gode hamner mellom skrinne bergknattar på Søre Bøm-lo. Her kjem ein tett på steinalderlandskapet. I steinalde-ren gjorde eit høgre havnivå desse vikane og vågane til smale sund og låge eid. Desse passasjane gav gode lan-dingstilhøve for lasta med grønstein, som i store kvanta vart henta ut frå steinbrotet på Hespriholmen. Mange tusen år med uttak av stein, produksjon av steinøkser og vidare utskiping av grønstein til store delar av Vestlandet i steinalderen har sett rike spor etter buplassar og verk-stadområde langs desse sunda. Lokaliteten Sokkamyro i Langevåg er den fremste eksponenten for desse kultur-minna, men den høge aktiviteten knytt til førekomsten av grønstein pregar mest kvar ei vik i dette landskapet. Frå Vika i nord til utmarka sør for Langevåg ligg steinal-derbuplassane som eit belte frå holmane ved ytterkysten til innsida av Søre Bømlo. Det som var passasjar og verk-stadområde i steinalderen, er no der den dyrka marka, småbruka og hamnene ligg. I havet vest av Bømlo ligg gjestgjevarstaden Espevær, som etterkvart vart ein viktig stad i det sørlege sildefisket på 1800-talet. Saltebuene sto tett på land, og folketalet kunne vere fleire tusen i sesongen. Kjøpmenn kom hit frå Bergen, Stavanger, Holland og dei britiske øyane for å kjøpe hummar og sild. Hummerparken i Espevær er eit særmerkt anlegg som syner denne historia. Søre Bømlo har hatt sjøvendt, eksportbasert næring som viktigaste leveveg frå steinalderen og heilt fram til vår tid.
    kommune
    • 4613
    kulturmiljoId
    • K419
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 419
    malemetode
    • 18
    navn
    • Søre Bømlo - Hespriholmen. Steinalderlandskap
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2021-06-10T08:57:19Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126