Fitjarøyane. Lyngheilandskap, maktsete og handel i leia
datafangstdato
2017-01-27T00:00:00Z
forsteDigitaliseringsdato
2017-01-27T17:10:51Z
id
425
informasjon
Landskapet ligg nordvest for Stord, med Selbjørnsfjor-den i nord, Midtfjellet i aust, Stokksundet i sør og ope hav i vest. Sjøen er golvet i landskapsrommet og det som bind landskapet saman, og leia her tek ein forbi Stord og dei mange Fitjarøyane. På Stord og på Fitjarøyane er det gode hamner med strategisk plassering. Øyane er låge og lyngkledde, og dei har rikt tilfang av kulturminne med stor tidsdjupne som vitnar om den rike kulturhistoria i områda her ved leia. Her er småbruk, torvmyrar, vente-stader, naustmiljø og privilegerte handelsstader. Staden Fitjar aust om leia har store, dyrkbare område og god tilgang til vatn. Saman med den strategiske posisjonen ved leia gav dette grunnlag for at eit maktsete kunne vekse fram.
Busetnad i området tok til i steinalderen, ved dei mange matrike straumane mellom Fitjarøyane. I bronsealderen busette folk seg lenger aust, dei første gardane der låg i skråningane frå Fitjar sentrum til Rimbareid i sør. Rike funn og storslagne gravrøyser som flankerar leia forbi staden Fitjar, vitner om at der truleg var gardar med stormenn alt i bronsealderen. Busetjinga på Fitjarøyane har i lang tid hatt kombinert næringsgrunnlag av fiske og jordbruk. Lyngbrenning gav beite for utegangarsau og torvuttak i myrane gav brensel. På øyer og holmar, ved viker og sund, ligg små bruk ikkje langt frå naust og kai. Landskapet på Fitjarøyane er i dag sterkt prega av denne driftsmåten, og Fitjarøyane er eit av 23 nasjonale referan-seområder for lyngheilandskap.
Skipsleia deler seg i tre i Fitjarøyane: den ytre leia, Nye-leia og Engesundleia. Langs desse ferdselsårene ligg gam-le handels-, gjestgjevar- og ventestader. På Gisøya ligg handels- og gjestgjevarstaden Brandasund frå 1600-talet. Fiskehandelen her ved det rike fiskefeltet går truleg langt tilbake i tid. Ein av dei store marknadsplassane i Hor-daland i mellomalderen har truleg lege på Selsøya ved Brandasundet, og stadnamnet Torgjo fortel om ein stad der varer vart selde. Bøndene frå fjellbygdene og indre fjordbygder selde tømmer, huder og skinn, haukar og fal-kar i byte for fisk, salt og varer frå andre land. Staden var kjent for Hansaskip på veg til Bergen, og er teikna inn på eit hollandsk kart frå 1624. Brandasund blomstra i det store sildefisket på 1700- og 1800-talet. Engesund ligg ved Engesundsleia og var kjend som tingstad i 1650. Den er eit av dei fyrste kremmarseta utanfor Bergen.