Ytre Sørfjorden er eit rett fjordløp i Hardanger med lier som stig jamnt frå sjøen til fjellet. I aust ligg Hardanger-vidda, i vest ligg Folgefonna og lågfjellet mellom Sørfjor-den og Jondal. Det går ferdselsvegar frå fleire stader ved sjøen, vestover fjellet til Jondal og inn på Hardangervid-da i aust.
Gardseigedomane går frå fjord til fjell. Nedst ved fjorden ligg stø, naust og gjerne kai, i den best tempererte sonen ligg det frukthagar, andre stader er det bøar. Arealet med frukttre er svært stort i norsk samanheng, der det ligg som eit mest samanhengande belte på begge sider av fjorden. Mange gardstun ligg ved vegen, og enkelte stader ligg det eit øvre tun høgre opp i lia. Eit tydeleg trekk ved byggeskikken langs etter fjorden er dei høgreiste laftehu-sa i sveitserstil med vide skifertak. Høgt opp i liene ligg det vårstølar, og på randen av liene har mange eldre bruk eggestølar (langstølar). Yngre bruk har gjerne partar i steinbuer til jakt, fangst og støling inne på vidda. Det går vegar og sleper til fjells og bind saman desse mangesyslar-bruka.
Det freda klyngetunet Agatunet var eit gamalt høv-dingsete, og gravhaugar tyder på svært tidleg busetnad. Tunet ligg trygt for ras under Tveitaberget. Garden var av dei største i Hardanger i mellomalderen og har vore knytt til fleire vestlandske adelsætter. Her ligg Lag-mannsstova frå om lag 1220-1230.
Det har i lang tid vore høvdingætter og storslekter knytt til landskapet, og jordbruket har stor tidsdjupne. Det har også vore jakt og fiske i fjellet og handel med bygdene aust om vidda. Innføringa av fruktdyrking på 1100-talet er ein viktig kulturhistorisk faktor som har påverka land-skapskarakteren. Det skal være Cisterciensarmunkar frå Lysekloster som førte fruktdyrkinga til Hardanger, og på Opedal ligg Munkagard. Her skal ein avlsgard ha lege, og i fjellet ovafor heiter det Munkatreppane. Fruktdyrkin-ga skaut fart på 1800-talet, då dampen knytte gardane nærare marknaden i Bergen.
Ved strandstaden Lofthus er ein freda sorenskrivargard, kyrkje frå 1250-1300 og ein vidkjend prestegard der tilreisande kunstnarar kom for å oppleve og måle naturen og folka som budde der. Lofthus er visuelt samlande i landskapet i Ytre Sørfjorden. Gjennom leveviset, sentrale nasjonalromantiske kunstverk og sterke kunsthandverk-stradisjonar har landskapet ein sterk posisjon.