• Etne. Rikt jordbrukslandskap med lang historie

    datafangstdato
    • 2017-01-27T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2017-01-27T17:27:25Z
    id
    • 430
    informasjon
    • Inst i botnen av Etnefjorden ligg bygda Etne, med dei markerte terrassane på Grindheim og Stødle. Jordbrukslandskapet er ramma inn av fruktbare lier opp mot fjella, desse er brotne opp i aust av dalføra Stordalen og Litledalen. Landskapsrommet er vidt og har ei nesten sirkulær form. Etne er ei av dei mest fruktbare bygdene på Vestlandet, bygda har husa landbruk i fleire tusen år og er særs rik på kulturminne. Landskapet er framleis i aktiv drift både til landbruk, som lakseelv og grusressurs i terrassane. Landskapet er særs historieforteljande og gjev ei sterk oppleving av lang tids kontinuitet og tidsdjupne. I åssidene og på terrassane ligg det bergkunst med jord-bruksristningar. Her er og ei stor mengd gravminne, som pregar landskapet. Rike spor etter forhistorisk busetnad er å finne både i åssidene og på terrassane, og dei ligg særs tett nede på elvesletta. Bygdeborger ligg på markante høgdedrag i kvar ende av bygda og gjev eit omsluttande inntrykk av landskapet som ein historisk viktig stad. På Stødle låg garden til Erling Skakke, og han fekk truleg bygd mellomalderkyrkja i stein som ligg der i dag. Etne var eit maktsentrum som spelte ei aktiv rolle i nasjons-danninga i mellomalderen.
    kommune
    • 4611
    kulturmiljoId
    • K420
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 420
    malemetode
    • 46
    navn
    • Etne. Rikt jordbrukslandskap med lang historie
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2021-06-10T08:57:19Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126