• Rosendal. Møtestad og baroni i rikt jordbrukslandskap med alpine omgjevnader

    datafangstdato
    • 2017-01-27T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2017-01-27T17:32:37Z
    id
    • 431
    informasjon
    • Den sentrale delen av bygda Rosendal ligg på morene-terrasser ned mot Hardangerfjorden. Eit særmerkje ved området er dei alpine kystfjella kring bygda. Hattebergel-va og Melselva kjem ned dalføra mellom fjella, gjennom terrassane i bygda, og renn saman og gjennom tettsta-den Skålafjøra. Landskapet har bydd på gode vilkår for busetnad, og her er store jordbruksareal på ein vid strandbrem, men det er òg mykje prega av ras i frå fjella rundt. Utmarksressursane i Skåladalen, Melsdalen med Myrdal og Muradalen har vorte nytta fram til nyare tid. Stølsdrifta heilt opp til Øvre Myrdal under dei alpine fjella sør og aust syner eit omfattande system tilpassa krevjande omgjevnader. Naustrekkja ved Myrdalsvatnet fortel òg om eit verdfullt fiske. Dei kulturhistoriske elementa i landskapet byrjar alt i steinalderen med sine fangstbuplassar. Området frå Seimsfoss til Løfallstrand har buplassar like så gamle som i ytre strøk. Garden Skåla sentralt i bygda har spor etter meir eller mindre fast busetnad frå alle fasar gjennom forhistoria. Det er dei solvarme sørvestvendte liene som har vore attraktive i all tid. Dei arkeologiske spora spenner vidt og viser ei markert auke i bronse- og jernalder og inn i mellomalderen. Her er rike grav- og skattefunn, og fleire langskipstufter i bygdene kring Rosendal vitnar om organisert makt her alt i eldre jernalder. Den største gravhaugen på Folge-fonnhalvøya låg på Skåla og var 28 meter i tverrmål. Av i alt sju tufter etter langskipsnaust ligg framleis tufta i Skipadalen godt synleg i terrenget. Rosendal har hatt fleire steinkyrkjer frå mellomalderen, og her er mel-lomaldergravplass. Kyrkja på Skåla var fjordungskyrkje og ligg på ein framskoten kvelving i landskapet. Kyrkja på garden Mel er knytt til lendmannen Gaut frå Mel i høgmellomalderen. I Rosendal ligg òg Baroniet noko tilbaketrekt frå sjøen på garden Hatteberg. Her står framleis slottet frå 1660-65 med barokke trekk og renessansehagen frå same tid. Baroniet fekk namnet Rosendal i 1678, eit namn som i nyare tid kom til å verte brukt om heile bygda. Baroniet er det einaste i Noreg. Parken vart utvida i 1870-75 med ein landskapshage i romantisk stil. I eit slåande samspel med nærområda når hagekunsten i Noreg her eit av sine høgste uttrykk, og landskapshagen er halden fram som eit sentralt verk i romantikkens kunst i Norge. Her er òg ein viktig avlsgard som var med å fornya jordbruket på Vestlandet. Så langt fram som i 1929 var Baroniet eit av dei største leiglendingsgodsa i Noreg, oppført med 546 bruk. Landskapet er svært inntrykkssterkt. I nyare tid flytta tyngdepunktet i bygda seg ned mot sjøen. Her stod oppgangssag og verft. På 1800-talet vart Skålafjøro i Rosendal kjend for bygging av hurtiggåande jekter, ein av desse er Roald Amundsen sitt skip «Gjøa».
    kommune
    • 4617
    kulturmiljoId
    • K421
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 421
    malemetode
    • 46
    navn
    • Rosendal. Møtestad og baroni i rikt jordbrukslandskap med alpine omgjevnader
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2021-06-10T08:57:19Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126