• Indre Sørfjorden. Kraft- og industrilandskap

    datafangstdato
    • 2017-01-27T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2017-01-27T17:39:05Z
    id
    • 432
    informasjon
    • Landskapet der dalen møter fjorden er trongt mellom høge fjell, der høgtliggjande vatnsystem ligg i fjelldalane ovafor. Fjorden er isfri, og elva Opo renn ut i fjordbot-nen der strandstaden Odda ligg. Her var ein naturleg ferdselsveg sørover til pilegrimsmålet Røldal. Kyrkja på Almerket, nede ved fjorden, er frå 1870, men her har vore kyrkje sidan 1250. Ho er eit samlande element i landskapsrommet. Lenger oppe i dalen, aust for elva Opo, ligg nokre få tun som vitnar om det gamle bonde-samfunnet i Odda. Strandstaden Odda var rundt 1900 det mest vitja turist-målet i landet. Reisemåla var dei mektige fjella og fossa-ne, som Tyssestrengane og turen til Dalen i Telemark. Av denne travle strandstaden er eit konsentrert bygnings-miljø att ved Brotateigen og traséen til ferdselsvegen til Røldal. Tidleg på 1900-talet var kraftpotensialet i fjellet og den isfrie hamna perfekte vilkår for bygging av eit heilt industrisamfunn i fjordbotnen. Oppdemming av Tyssovassdraget og kraftstasjonane i Tyssedal gav straum til kraftintensiv industri i Tyssedal og Odda og seinare på Eitrheimsneset. Gjennom store og integrerte strukturar har industrien lagt beslag på mykje av dei sentrale areala i Odda og Tyssedal. Kring industrianlegga er det bygd heile samfunn. Fleire element i industrisamfunna Odda og Tyssedal har nasjonal og internasjonal kulturminneverdi, og høg arkitektonisk verdi. Tveitahaugen i Tyssedal er eit tidlig døme på ein hageby i Noreg. Ringedalsdammen, Tyssedal kraftstasjon og Odda Smelteverk er freda. Industrisamfunna i Odda og Tyssedal dominerer det heilskaplege inntrykket av det lågareliggjande landska-pet. Sjølv om industrisamfunna er nært knytt til naturen og naturressursane i landskapet, er industrilandskapet eit markant element innskote mellom fjorden og dei urørte øvre delane av landskapet der høge fjellsider strekkjer seg mot himmelen. Dei store industrisamfunna her er mellom dei landskapa i landet som er sterkast prega av den andre industrialiseringa.
    kommune
    • 4618
    kulturmiljoId
    • K422
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 422
    malemetode
    • 18
    navn
    • Indre Sørfjorden. Kraft- og industrilandskap
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2021-06-10T08:57:19Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126