Bygdene i Eidfjord er fjordmøtet på vegen mellom aust og vest. Landskapet i Nedre Eidfjord er prega av dei to grusterrassane Lægreid og Hæreid. Landet heva seg då isen trekte seg tilbake, og eit eid løfta seg mellom fjorden og vatnet, difor stadnamnet Eidfjord. Elva Eio delte eidet i to, eit høgtliggjande og eit lågtliggjande – Hæreid og Lægreid. Dei to grusterrassane isen la att ligg i relieff mot steile fjellsider som fører landskapet vidare opp mot bygda Øvre Eidfjord. Herfrå går gamle vegar opp Må-bødalen og Hjølmodalen til store og viktige ressursar i fjellet og vidare til Austlandet.
Tilgang til dei rike og varierte ressursane i fjellet har vore viktig for folk på Vestlandet heilt sidan steinalderen, noko samanhengen mellom fangstbuplassar i fjellet
og steinalderfunn langs den fortidige strandsona ved fjorden viser.
Talrike forhistoriske spor etter jernutvinning i fjelldalane kan etter alt å døme knytast til ei jernalderbusetting i Eidfjord med ein sentral posisjon i Hardanger. Rike grav-minne både i Øvre Eidfjord og på terrassane ved fjorden ber bod om dette, der gravfelta på Hæreidterrassen står
i ei særstilling i Noreg, med hundrevis av gravrøyser frå eldre- og yngre jernalder. Jernvinneanlegga frå jernalde-ren på Fet i Sysendalen og ved vassdraga Berdølo og Veig er framståande i nasjonal samanheng. Jernvinneanlegga ligg i dalføra ned frå høgfjellet, der det har vore tilgang til myrmalm, brensel og arbeidskraft. Det er gravhaugar i området ved jernvinneanlegga.
Framover i tid har Eidfjord vore ein sentral stad i indre Hardanger. Bygda var ein innfallsport til Hardanger. Leidangsnaustet for Eidfjord skipreide har truleg stått i Vikøyra, og mellomalderkyrkja på Lægreidterrassen er frå tidleg 1300-tal.
Vidare fram i tid har buføring til fjellstølar og handel og ferdsel over vidda danna og forsterka definerte far i landskapet. I Måbødalen og Hjølmodalen ligg gardar og tun med stor tidsdjupne langs dei gamle ferdselsårene og kløvstigane.
Turistane fann på 1800-talet vegen til den inntrykksster-ke Måbødalen, der Vøringsfossen var og er ein attrak-sjon. Fossli Hotel vart reist i 1891 der fossen fell i juvet. Det er utvida fleire gonger og har høg arkitektonisk og kulturhistorisk verdi. Eit imponerande veganlegg vart bygd opp til hotellet, og vart etterkvart ein hovudveg mellom aust og vest.