I enden av den geologiske formasjonen Bergensboga-ne ligg eit langstrakt landskap som strekkjer seg mot nordvest. Det er rivna i talrike låge landtunger og øyar. Området strekkjer seg frå Alversund til Kjelstraumen, og frå Hundvin i Lindås til nordvest om Mjøs på Radøy. Her er mildt kystklima og vekslande vilkår på land, frå skrint jordsmonn til større avsetningar av fruktbar, sjølv-drenerande jord. I sjøen er det rike og sterke straumar. Ei heilårsopen farlei fører frå Alverstraumen, gjennom den vidare Lurefjorden og ut Kjelstraumen i Austrheim.
Dei rike saltvasstraumane har gjeve grun-nlag for meir permanent busetnad i steinalderen, og her byrja ein tidleg med jordbruk. Den rike funnstaden Fosnstraumen nord om Mjøs, der brua i dag forbind Radøy og Fosnøya, er mellom dei mest framståande døma på tidleg perma-nent busetnad i landet. På Straume, like ved, er det funne om lag 4500 år gamle pollen av korn som vitnar om bufast kombinasjonsbruk av jordbruk og fiske.
Eit kultivert lyngheilandskap har breidd seg over mykje av området, særleg i utmarkene i ytre strøk der det er mykje skrinn jord. Lyngheiene på Lygra er eit markant landskapselement med stor tidsdjupne og representerer eit av dei tre nasjonale referanseområda for lyngheilandskap. Landskapet er framleis prega av lite trevekst i ytre strøk og har store myrer der ein har henta brensel. Det skogfattige landskapet er eit av kjerneområda for saman-bygde hus og for bruk av stein som byggemateriale til gardflorar, løer og steingjerde. Slik fortel landskapet også om eit kulturfellesskap kring Nordsjøen. Dei mange små bruka som pregar landskapet i dag, har eigedomsstruktur frå tida etter jordskiftet, men fiskarbonden har fram til våre dagar hatt det same kombinerte livsgrunnlaget som dei som slo seg ned på Straume.
Ressursrikdom i området er spegla i stadnamn som Njøten og Hundvin. Og har gjeve grunnlag for viktige maktstrukturar. Gravrøyser ved farleia vitnar om stor-folk i området i forhistorisk tid. Rike funn knytt til dei sjølvdrenerande dyrkingsfelta på Lygra og Seim stør opp om at sagamaterialet seier dei var kongsgardar. Seim, der Håkon den gode etter tradisjonen skal vere gravlagt, ligg midtvegs mellom dei tronge innløpa til farleia. Her har vore uvanleg mange bautasteinar, og enno står ein i kvar ende av den gamle innmarka i bygda. Bøkeskogen på Vollom er den nordlegaste i verda og frå vikingtida, og vitnar om eit handelsnettverk til kontinentet.
Etter landssamlinga vart maktstrukturane i Nordhord-land oppløyste. Mykje eigedom i området vart lagt under krona, kyrkja og klostra frå 1100-talet av. Kyrkjestadene Alversund, ved Alverstraumen, Seim og Lygra dominerte frå no av utsynet frå leia. På Lindås ligg ruinen til ein av to kjende steinkyrkjer i Nordhordland. Truleg er den frå 1100-talet.
Stadnamnet Festo midtvegs i leia vitnar om ferdselen som har vore her. Handels- og overnattingsstader for langvegsfarande var det i Alverstraumen, i Kjelstraumen og på Bruknappen. Også «Kipestrilen» som heldt til i området brukte leia for å kome til Bergen med varer. Ved ventestader langs dei sterke straumane er det boltar og ringar som fortel om korleis ferdselen gjekk føre seg før motorane kom. Seinare vart dampskipkaiene knute-punkt og post-, gjestgjevar- og handelstader. Lindåsslusa-ne er eit særmerkt kulturminne frå denne tida.