I sjakt 1. Konsentrasjon av steinar. I området rundt steinane hadde ein ei markert endring i fyllmassen, sett i høve til undergrunnen elles. Medan undergrunnen elles inneheldt grågul aursand iblanda ein del mindre steinar, fekk ein her eit fyllskift av grå/gråbrun humushaldig sandjord omgjeve av eit mindre belte av raudbrun/-gul sandjord med litt trekol i. Mogleg grav. Funn av brende og ubrende bein, ei tann.