10 klåre rydningsrøyser. Røysene er frå 3-7 m i tverrmål og er 0,3-0,7 m høge. Dei er runde i form og ganske overtorva. Nokre av dei har punktbrink, dvs at det er stuva opp jord rett på oversida av dei som ei slags "mini-åkerreine". Dette er eit vanleg trekk ved rydningsrøyser på Austøandet. Storleiken på steinen er frå knyttnevestor til hovudstor. Rydningsrøysene ligg på rydda flater der det er mogleg å sjå at det har vore fjerna stein og dyrka. Nokre av røysene ligg i samband med åkerreiner.