Røysa er 18 m N-S og 16 m A-V. Den er ca 3-4 m høg på midten. Det er eit 4x4 m stort område med utplanert og omrota stein i sentrum av røysa og ei halvmåneforma ca 7x3 m samling med hovudstor stein i det SA-hjørnet av røysa. Overgangen mellom røys og dyrka mark er klårt synleg og røysa verkar å ha ei fint markert oval form. Det vart ikkje konstatert noko klår fotkjede ved hjelp av stikking med sonderingsborr langs røyskanten. Røysa er stort sett graskledd og det veks to store tre på toppen, ei selje og ei rogn.