Jordbland gravrøys som er sterkt skada av nyare inngrep. Ligg lengst SV av to røyser. Den synlege delen er 9x7 m, men ei nyare påbygging av rydningsstein har gjeve den måla 15x11,5 m. Høgda er 1,6 m. Den eldste delen av røysa er dekka av gras og der veks det unge bjørke-, rogne-, ospe-, og seljetre. Ein del stein stikk opp i dagen. Dei har jamn storleik frå hovudstor og noko større. Midt i røysaer det eit søkk som mel 2,2 x 1,7 m, og som er 0,5 m djupt. I den SV-lege delen ligg ei tuft etter ei tørkestove, høgst sannsynleg frå nyare tid. Denne har skåre seg 1 m inn i ytterkanten på røysa.