Rydningsrøys 2 ligg omtrent kant i kant med røys 1, og er truleg noko yngre enn dei andre røysene. Storleiken er 1,8 x 2 m og høgda er 0,2-0,3 m. Steinane er frå knyttnevestor til hovudstor. Røysa er lavdekt, men har ikkje så mykje gras og mose over seg som dei tre andre.