BAKKE 2: Figuren står i en sørvendt flate på en øst-vest gående bergknaus, ca 14 m vest for Bakke III (målt fra samlingen av fotsålene på felt III til båtfiguren felt II). Området hvor feltet ligger har mange frukttrær - var tidligere en frukthage. Bebyggelse og trafikkert vei kloss ved. Figuren har et dypt søkk like under seg og en annen fordypning/sprekk like over seg. BERGFLATEFORVITRING (av Linda Sæbø): Vitringsskadane ved Bakke II, III og VI er tilsynelatande større enn ved Bakke I og V. Dette skuldast truleg variasjon i vinkel mellom foliasjon og overflate. Der vinkelen er skrå (som ved Bakke II, III, VI) vil forsterka vitring av muskovitt langs mikrosprekkene medføre til utvikling av små overheng der kvartsrike sjikt står 1-2 mm høgare opp enn muskovittrike sjikt. Dette resulterer i ei gradvis utvisking av ristningsfigurane, som knapt er synlege utan bruk av svart plast. Oppsprekking og avspalting av vitringshuda medfører at overflata er ru og ujamn ved Bakke II. Ingen avspalta bergartsflak eller bitar vart imidlertid observert på sjølve bergoverflata. Dette indikerer at flaka fortlaupande vert transportert bort ettersom flata har eit relativt stort fall. Det er også mogeleg at avspaltinga er redusert pga. tildekkinga med presenning. Minerala som utgjer hovudvekta av mineralsamansetjinga (muskovitt og kvarts) er svært motstandsdyktige mot kjemisk oppløysing. Ordninga av minerala i plane lag svekkjer derimot bergarten og gjer den lite motstandsdyktig særleg mot fysisk vitring. Oppsprekking og ei byrjande oppløysing langs korngrenser og kløvflater hos muskovitt skapar svakheitssoner som bergarten lett spaltast opp etter. Mikrosprekker ved overflata verkar som transportkanalar for vatn og biologisk materiale ned i bergarten. Dette fører til kjemisk oppløysing av mineral djupare ned i bergarten langs mikrosprekkene, og resulterer i auka porøsitet. I skifer er det ofte observert at tal på mikrosprekker er høgare i vitringssona enn elles i bergarten. Vitringshuda sprekk lett opp langs slike mikrosprekker (skifrigheita) og spaltar av som 0,2-2 cm tjukke flak. Flakavspaltinga ser ut til å vere særleg alvorleg langs større gjennomgåande sprekker og sårkantar etter tidlegare avspaltingar. Vatn som frys eller røter som veks i mikrosprekkene og slik utøvar eit sidelengs trykk vil i slike posisjonar ikkje møte noko mottrykk og flaka spaltar difor lett av. Tilsvarande vil også skje ved trakk på bergflata. Fremtredande vitring langs glimmerrike sjikt resulterer til slutt i utvikling av 1-5 mm djupe furer orientert parallelt med foliasjonen. Vitringa er slik mest framtredande langs foliasjonen i bergarten. Dei fleste sprekker er orientert parallelt med foliasjonen i bergarten, medan somme er orientert normalt på foliasjonen (NØ-SV (014 grader)), og andre kryssar foliasjonen diagonalt (45 grader på) (NØ-SV (069 grader)). Ei sprekk orientert parallelt med foliasjonen i bergarten (SØ-NV (116 grader)) i underkant av ristningsfiguren, dannar eit overheng. Ofte er det observert at oppsprekking og avspalting av flak er eit større problem i samband med sprekker. Sidan bergoverflata ved Bakke II har relativt stort fall (24 grader) er det lite sannsynleg at vatn vert liggjande i sprekker etter nedbør, og faren for auka frostsprenging er truleg difor ikkje aktuell her. Ved trakk vil imidlertid bergartsstykke kunne knekke relativt lett av overhenget, og dette utgjer ein bevaringsmessig trussel for ristningsfiguren sidan avstanden til overhenget er mindre enn 5 cm.