S30 ligg 5 meter sør for S3 (tuft) og 5 meter vest for S29(kokegrop). Gropa er svakt synlig i terrenget og uklar i forma. Den måler 90 x 90 cm med ei djupn på 10 cm. 20 cm under torva vart eit sjikt med trekol påvist. Det er likevel uklart om S30 representerar ein eldstad eller ei kokegrop. Gropa var attgrodd med bærlyng.