Det ligg fleire steinar i eit område rett sør, sør-vest om 2S2 og den automatisk freda tufta. På dronebilete kunne ein tydlig sjå ein forskjell i vegetasjonen, noko som kan tyde på aktivitet i området. Frå bileta kunne ein skimte ei rektangulær tuft, men ute i felt var denne vanskeleg å finne att. Tufta har ikkje noko mål grunna dette. Frå dronebileta såg dimensjonen på tufta til å vere lik som i 2S2. Det vart tatt tre positive prøvestikk i tufta med små kolfragment, ingen eldstad vart dokumentert.