På loddrett bergvegg som fører frå felt V og ned mot sjøen er identifisert det som ser ut til å vere ein innripa eller slipt figur som synast å forestille ein dyrefigur. Det er slipt/ripa inn i det svakt rustraude belegget på berget slik at figuren framstår i lyse linjer. Om figuren er førhistorisk eller av nyare dato er vanskeleg å avgjere.