Område 3 har likskaper med område 1. Ein samanhengande "steingard", omlag 2 m brei, avbrote av røyser og moglege tufter i samband med desse. Område 3 byrjar ved ei røys, omlag 4.5 m i tverrmål. Denne er oppbygd av store steinar underst og mindre øvst. Frå her går det ein samanhengande steingard, avbrote av minst ei mindre røys. Her er det ei forsenking i terrenget og fleire spreidde steinar (mogleg tuft). Steinstrukturen fortset, men grunna tett vegetasjon var det svært vanskeleg å få oversikt. Tilsaman strekk strukturen seg i eit omlag 30 m langt område.