Kyrkjegard frå mellomalderen, omkransa av låge steinvollar. Muren er anlagt som ein kistemur, med store steinblokker ytst og mindre stein i holrommet i midten. Det er portopningar mot nord, sør og vest. Låven avgrensar kyrkjegarden mot aust. Under muren er det funne spor etter stolpehol som kan tyde på at den eldste kyrkjegarden var av tre. Det har vore fleire tradisjonar knytt til kyrkjegardane, mellom anna at det har vore kapell, kloster, kongsgard og tingstad. Området innanfor kyrkjegarden består ikkje av svartjord, i motsetnad til områda omkring. Dette kan indikere at kyrkjegarden blei oppretta tidleg i kjøpstaden si historie.
Arkeologiske undersøkingar har vist at dei fleste gjenstandsfunna er gjort utanfor kyrkjegarden, men det er funne spor etter menneskebein og plankar – spor etter kristne graver – på innsida. Gravene er orienterte aust-vest, og dei eldste er daterte til vikingtid. Midt på kyrkegarden er det undersøkt ei forhøging beståande av stein. Her blei det også funne indikasjonar på ein bygning, sannsynlegvis ei relativt stor trekyrkje. Geofysiske undersøkingar har støtta dette, og dette kan vere restane av Krosskyrkja som er omtalt på 1300-talet. Det er også funne spor etter ei eldre kyrkje, samt det som kan ha vore ein støpul.