Kyrkjegard frå mellomalderen, omkransa av låge steinvollar. Muren er anlagt som ein kistemur, med store steinblokker ytst og mindre stein i holrommet i midten. Det er portopningar mot nord, sør og vest. Låven avgrensar kyrkjegarden mot aust. Under muren er det funne spor etter stolpehol som kan tyde på at den eldste kyrkjegarden var av tre. Det har vore fleire tradisjonar knytt til kyrkjegardane, mellom anna at det har vore kapell, kloster, kongsgard og tingstad. Området innanfor kyrkjegarden består ikkje av svartjord, i motsetnad til områda omkring. Dette kan indikere at kyrkjegarden blei oppretta tidleg i kjøpstaden si historie.
Arkeologiske undersøkingar har vist at dei fleste gjenstandsfunna er gjort utanfor kyrkjegarden, men det er funne spor etter menneskebein og plankar – spor etter kristne graver – på innsida. Gravene er orienterte aust-vest, og dei eldste er daterte til vikingtid. Midt på kyrkegarden er det undersøkt ei forhøging beståande av stein. Her blei det også funne indikasjonar på ein bygning, sannsynlegvis ei relativt stor trekyrkje. Geofysiske undersøkingar har støtta dette, og dette kan vere restane av Krosskyrkja som er omtalt på 1300-talet. Det er også funne spor etter ei eldre kyrkje, samt det som kan ha vore ein støpul. Arkeologiske undersøkingar har vist påvist tidlege graver, og i tilknyting til ei av desse blei det funne ein kjerringrokk. Gravene er orientert aust-vest. Det blei også påvist ein mindre bygning, sannsynlegvis ei kyrkje, midt inne på området. Her er det også funne keramikk frå 1000- og 1100-talet. Geofysiske undersøkingar har derimot lokalisert ein bygning ved den øvre kyrkjegardsmuren. Ved den vestre muren er det funne ein gullring frå 1200-talet, med fransk innskrift.