På overflata viste tufta (T2, jmf rapport) seg som ei dump i terrenget, om lag 3.5 m lang og 3 m brei. Orientert aust/vest. Det var ein tydeleg voll i nord, noko meir utydleg i sør og fråverande i aust og vest. Ei 50 cm brei sjakt gjennom strukturen viste at den nordlege vollen er bygd opp av store stein (ca 40 cm). Elles var det ei tydleg nedgraving med mørk, lett, sandhaldig masse med store kolbitar og noko humus. Sjølve nedgravinga er 1.5 m brei.