Nedgravinga viste seg som ei lita dump i terrenget, om lag 1.5 m brei og 2 m lang. Det vart lagt ei 50 cm brei sjakt i gjennom strukturen, denne viste ei tydleg nedgraving. Massen bestod av svartbrun, noko trekolhaldig, feit masse med noko små stein. Under denne var det er det eit lag med raudbrun sand, noko feit med ein del humus. Det er ein større stein i nedgravinga. Tolkinga av strukturen er usikker.