Straks sør for noverande hytte ligg grunnmuren etter setehuset. Straks sørvest for dette ligg grunnmuren etter uthuset. Sørvest for noverande hytte ligg ein endå eldre grunnmur. Her var busetnad frå 1600-talet til rundt 1903. Stova var så låg at folk måtte bøya seg for å koma inn. Når Sunde-folk gjekk til kyrkje, bøygde dei seg i kyrkjedøra av gamal vane.