Tuft etter husmannsplass. Her var fyrst busett ein gong langt tilbake, truleg av ein som heitte Tor. Andre gongen var her busett frå 1680-åra til 1696. Dei som budde her, var Joen Biørnsen Egen (Jo Bjennsson Eikjen), kona Guri Aanensdatter Nøckland (Guri Ånundsdotter Nøkland) og tre små born. Segna seier at dei budde på garden Eikjen, men så blei dei så utskuldige at dei laut gå ifrå garden, og så busette dei seg som husmenn her langt inne i heiane under garden Nøkland til dess dei fekk tent seg opp nok pengar til å ta att garden på Eikjen på odel.