Lita steinsamling på om lag 0,5 m i diameter, beståande av nevestor, kantete stein. Minst ein av steinane er skjørbrent. Strukturen blei funne i lag 4, tolka som ei dyrkingsflate eller liknande, men nokon av steinane kan også synes å stikke ned i kull og kulturlaga under. Jordmassane kring strukturen skil seg ikkje nemneverdig frå laget elles, og det synes som at jordlaget er yngre enn strukturen.