Gravminnet vart ikkje nyregistrert under Atle Jenssen sitt feltarbeid i år 2000, men inkludert og namngjeve i appendiks i rapporten. Jamfør Rapport 2-2002 "Gravfeltet på Hæreidsmoen. Hæreid, gnr 25, Eidfjord kommune" Kulturhistoriske registreringar, Hordaland fylkeskommune. Rapporten er tilgjengeleg under fana "Dokumentasjon" i kulturminneskjemaet til lokaliteten (ID 110228).
Gravminnet tilsvarer Sognnes si røys P20 (sjå Kalle Sognnes 1973. Eidfjord i Hardanger. Forsøk på analyse av førhistorisk bosetning. Upubl. magistergradsavhandling. Universitetet i Bergen). Kartfestinga av P20/R-0263 er usikker. 22.02.2017 er det lasta opp tre kartfesta geometrier samla saman av Solveig Rongved. Ein av desse tilhøyrer truleg P20/R-0263, men per no er det usikkert kva for ein, og kva strukturar dei to andre geometriane er. Desse vert namngjeve som R0263a, -b og -c her i askeladden.