Haugen Fetts fk.nr. 1/6 ligg 30 m V for 5, heilt ute på kanten. Han er 25 m i tvm., opphavleg snautt 4 m høg, men no utjamna til 2,5 m høgd. Det gror gras på den nesten snaue, flate toppen, elles er det ein del kratt rundt. Haugen vart utgraven og restaurert 1882 av A. Lorange. Haugen var bygd med sand over ei 1 m høg, flat kjernerøys, som ikkje nådde nærare kanten enn 2 m. Langs nordre haugkant gjekk ein 12 m lang steinmur. Om lag 2 m S for røysmidten var på botnen bygt eit rundt rom med mura vegger. Golvet var ei rund helle og taket var ei helle. Rommet var ein snau meter i tvm. og drygt 1 m høgt. Kjernerøysa lyfte seg nett over rommet til 1,75 m høgd. Gravfunnet, ei brend mannsgrav frå eldre jernalder, hadde vore innpakka i never eller lagt i nevertine.