Haugen Fetts fk.nr. 1/7 ligg 10 m SV for 6, på Voll bnr. 4, heilt ute på terrassekanten. Han er 25 m i tvm., 3 m høg, svært øydelagd i toppen og mykje tilgrodd med kratt. I sjølve haugkanten i S vart ei hellekiste utgraven i 1913 av Haakon Shetelig. Ho var mannslang O-V, med tjukke heller og ujamnt helletak. Her vart konstatert tre gravleggingar, alle frå eldre jernalder. Grav 1 på botnen inneheldt ei ubrend kvinnegrav (+ barn ?) med hovudet mot O. Grav 2 inneheldt ei brend dobbelgrav som var innlagd etter at sakene frå grav 1 var sopte saman i austre ende. Grav 3 inneheldt ei ubrend mannsgrav med hovudet mot O.