Kokegrop. Rektangulær oval, 200x130 cm. Klar trekullrand og skjørbrent stein, 23 cm djup. Det vart gjort funn av ein mogleg bit flint i anlegget. Anlegg 7 ligg heilt vest i sjakt 4, og difor mest rett sør for anlegg 1-6. Lengre vest i sjakta vart det òg funne ein bit flint som verkar noko rufsete i form og farge, men har både slagbule og spor på eine sida som kan minne om retusj eller bruksspor. Det var i det fuktige området den vart funne, noko uventa om den er menneskebrukt.