Strukturen er 3 x 4,3 meter i plan og oval i form. Massane er hovudsakeleg gråbrun, veldig kompakt, trekolspetta silt. Den ligg relativt grunt på mellom 15-25 cm. Den ligg grunnast i vestleg del. I tillegg vart det observert fleire djupe, moderne pløyespor ned i undergrunnen, så truleg er strukturen noko forstyrra av dette, spesielt i vestleg del. Strukturen er tolka for å vere ei grav.
I NV ende av strukturen vart det grave noko djupare med gravemaskin og i midtre del vart det fjerna ein stor flat stein med maskin. Her er massane mørkare grå til svart, trekolrik silt. Dette trekolrike laget ligg truleg under den gråbrune silten i heile strukturen. Det vart ikkje fjerna like mykje massar i austleg del. Strukturen er fri for stein i dei ytre 30-40 cm. I vestleg del er det ein del jordfaste steinar, nokre vassrulla, nokre ikkje. Det er ikkje tilsvarande i austleg del, men det kan og ha med at det ikkje er grave like djupt her. Så det er mogeleg at det er ein del steinar her og.
I midten av strukturen låg det ein stor stein, 45x60 cm stor, som vart fjerna under sjaktinga. Under denne var massane svært trekolhaldig og det vart funne brent bein (F4) her. I NV del av strukturen vart det grave noko djupare under sjaktinga. Den gråbrune silten vart fjerna med maskin og under den var det svart, trekolrik silt. I dette laget i NV-del av strukturen vart det funne ei klinknagle (F2) og ein mogeleg jarnkniv (F3). I tillegg vart det funne ei godt brukt bryne (F1) i eit pløyespor som gjekk ut frå strukturen.