Strukturen er 110x110 cm og tilnærma sirkulær i form. Den er veldig tydeleg avgrensa mot undergrunnen som er gul laus sand og silt med vassrulla stein. Massane er kompakt mørkgråbrun, tydeleg trekohaldig silt med noko småstein. Den er tolka for å vere ei kokegrop, men det er ikkje synleg skjørbrent stein i den. Strukturen vart ikkje snitta i felt.