Strukturen er 30x27 cm i plan og er tolka for å vere eit stolpehol. Massane er brungrå, svakt trekolspetta, kompakt silt. Noko diffus avgrensing mot undergrunnen, som er laus gul sand og silt med vassrulla stein. Det ligg to flate steinar i stolpeholet som mogeleg har vore skoningsstein.