65 cm djup. Øvste 45 cm er eit tynt humuslag med brun matjord under. Matjorda er grusete og det ligg moderne søppel som fajanse og glas her. I dette laget, på ca. 35 cm djupn, vart det funne F8 1 avslag av flint. Siste 20 cm av prøvestikket er eit mørkt grått lag med innslag av ljosare striper sand. Det kan vere ein struktur eller eit kulturlag. Mogleg det er ardspor i botn, vanskeleg å sjå skikkeleg. I dette laget vart det funne 2 keramikkskår, derav 1 med dekor. Desse verkar å vere in situ.