Mittet gamle skule blei bygd i 1864 – berre nokre få år etter at Fastskulelova blei vedtatt i 1860. Denne lova var ein viktig milepæl i norsk skulehistorie. Landet blei no delt opp i mindre skulekrinsar som alle skulle ha faste skulehus. Dette resulterte i at det for første gong utvikla seg ein eigen skulearkitektur på den norske landsbygda. Gamleskulen på Mittet er eit godt eksempel på eit slikt tidleg skulehus, innreidd med lærarbustad i eine enden. Den er oppført i seinempirestil, med dekorelement som peikar fram mot tidleg sveitserstil. I tråd med tidsånda var det viktig med lys, luft og sunne bygningar, og dei nye skulebygga kan også ha påverka byggeskikken elles på landsbygda.
Gamleskulen var i bruk fram til 1957/58, og i løpet av denne tida var det også skomakarverkstad og ambulerande legekontor i bygningen. Etter nedlegginga stod skulen tom i 50 år, før den i perioden 2008–2014 blei restaurert av Mittetdalen historielag. Den vert i dag nytta som lokalt skule- og bygdemuseum