Eldhuset på Neset vart bygd i 1875. Huset er bygd/mura i stein med grue, skorstein og hellelagt golv. Berre døra, møneåsen og takåsar er av tre. Oppunder rafta på steinmuren er der eit innrykk, slik at det vert ei lang hylle på kvar side. Her kunne ein setje frå seg diverse utstyr.