Eit døme på einheitslåven. Løa er eit grindbygg der to og to stavar er bundne saman av tversgåande bjelkar. Dette er ei byggetradisjon som er særmerkt for Vestlandet og går 3-4000 år tilbake i tid. Kring midten av 1900-talet byrja ein å nytte silofor i tillegg til høy. Det vart dermed naudsynt å bygge eigne siloar til lagring av det nye foret. Dei vart ofte, som her, bygde tett att med låvebrua.