Sjøbu på Hauge ytre br. 19, bygd i 1860 av Lossens og Parelius frå Kristiansund som dreiv sildesalteri. Frå 1872 dreiv Peter Saure Sande Forbruksforening her, frå 1891 med Isak Waage som medeigar. Handelen var lagt ned i 1932. Under siste krig vart det drive konfeksjonsfab-rikk i bygget. I 1990 vart ein del av buda bygd om til rorbu for overnattingsgjestar.