Historisk vetestad. Det er ingen synlege spor att av vetestaden no. Det er
presten og historikaren Olaf Olafsen, som kring år 1920 laga ei oversikt over vetestadane på Sør- og Vestlandet. Her er Veten på Stadlandet inkludert. Det er lite synlege kulturminnespor att etter slike vetestadar i dag, både med tanke på vetefundament og vetebål. Dette er også tilfelle på Kjerringa, men som ein historisk vetestad, og den nordlegaste i varslingssystemet i Vestland, har den høg kulturminneverdi.
Varsling av ufred ved å brenne bål (vete) på fjelltoppane er eit signalsystem som vart nytta frå Håkon den godes tid (konge ca 940-960) til fyrst på 1800-talet. Snorre fortel at kong Håkon organiserte landet i skipreider, og at kvar skipreide skulle skaffa skip og mannskap til å verja landet i ufredstider. Til å varsla ufred vart det på høvelege stader sett opp vardar eller vetar som vart kveikte og på den måten "sende" lyssignal til neste varde i signalsystemet. Gulatingslova har også påbod om at det ved vetane skulle byggjast vakthus med tak og 4 dører. I Sogn og Fjordane vart dei gjerne kallavetastover.Varslingssystemet med vetar vart siste gongen nytta i ufredsåra 1807-1814. Mange stadnamn minner om det gamle varslingsystemet.