Lokaliteten ligg i ei lita lund som no er i bruk som beitemark.
Mot nord går E39, mot vest er det skog, mot sør ein kanal og deretter skog etter at beitemarka tek slutt. Mot aust er det ein haug og eit lite trafohus.
Lokaliteten vart avgrensa av terrenget mot vest, negative sjakter mot nord, ein kanal og negativ sjakt mot sør.
Det vart ikkje gjort funn i den austlege delen av den positive sjakta, sjakt 28. Lokaliteten ligg ca. 32 moh.
Kulturlaget er tydeleg i nordaustleg profil og mindre tydeleg over ein kortare strekning i sørvestleg profil. I flata på sjakta var laget synleg under sjakting, men det har blitt forstyrra av ei veite som går frå nordvest til søraust gjennom sjakta.
I austleg profil av sjakta er det først om lag 40 cm med mørkebrun myrtorv med nokre oransje-raude røter (lag 1). Det er nokre steinar i laget, og ein fall ut av sjakteprofilen under gravinga.
Under dette kjem kulturlaget, som kan sjåast som eit mørkt og grått lag med små og store bitar av trekol. Laget er om lag 5 cm tjukt (lag 2).
Nedst kjem gulbrun minerogen undergrunn med småstein og sand (lag 3). Laget er om lag 5 cm tjukt.
Det vart ikkje gjort littiske funn som kan samsvare med den radiologiske dateringa.
Datering på strandlinjekurva ligg på ca. 9100 f.Kr. Det vart og tatt ein dateringsprøve KP28.1, som vart datert til 7206-7075 kal. f.Kr.