Haugen ligg på det høgste punktet på neset. Han er graskledd, måler 13 m i tverrmål og er godt 2 m høg. I midten er eit søkk, 3,5 m vidt og 0,8 m på det djupaste. Det veks nokre asketre på haugen og det stikk steinar/blokker, 15-80 cm store, fram i dagen. Mykje stein er utkasta, spesielt i nordre delen. NB! Per Fett nemner to mogelege gravhaugar på ein voll om lag 100 skritt SO for fk. 1. Haugane vart utjamna, men ikkje utgravne kring 1876. I dag er det uråd å peike på staden og det er vel lite truleg at noko kan ligge att.