Struktur 13 ligg 0,5 meter nordaust for S 12. Den er ca0,38 x 0,42 meter i diameter. Strukturen er klårt avgrensa. Fyllet er mørk brun sandhaldig masse, noko iblanda matjord (lag 1). Det er spetta med trekol. Lag 1 er mørk brun humushaldig sandjord. På toppen er det 0,38 meter breitt, men om lag 0,1 meter under overflata smalnar det til 0,2 meter. Laget er 0,2 meter tjukt. Då stoppar det i ein stor stein. rundt lag 1 er lys brun finkorna sand (lag 2) før ein kjem ned på gråbrun grus (lag 3). Lag 2 og 3 er steril undergrunn. Lag 1 er skore ned i lag 2, og forma på det tyder på at det er eit stolpehol. Dette laget er datert til AD 685-790, merovingartid (TUa-4900).