Dette er den største bunkeren i området og er delvis synleg. Begge inngangar var tetta igjen, men den eine vart opna med maskin. Bunkeren var tom. Det er to store rom og to inngangar knytte til desse. Bunkeren hadde ikkje kommunikasjonssamband slik som dei andre bunkerane på området har.